onsdag 13. april 2011

Gjesteinnlegg av Heidi

Etter mykje godord skulle eg og endeleg få oppleva Malawi. Gleda var stor då eg inviterte meg sjølv på besøk til Marianne, og ho utruleg nok sa ja. Ein kjapp og heldigvis problemfri flytur, leda meg til sol og varme, og ei strålande Vasaasen vinkande på flyplassen i Lilongwe. Me hoppa inn i den digre Afrika-bilen, og vende nasen mot heimen. Stort hus, tre stover, eigen bar og nydeleg hage. Hushjelpa Justin ynskte meg velkommen, varmare og høflegare enn nokon norske menn eg har møtt i mitt 28 årige liv. Vurderar sterkt å ta han med i kofferten heim.

Me starta helga på indisk restaurant, deretter drog me på Harrys bar og drakk ”Green”, som visstnok tyder Carlsberg. Skravla gjekk, og Marianne møtte fleire av sine internasjonale vener. Utslitt av facinasjon og flyreisa, gjekk eg tidleg til sengs. Neste morgon skulle me nemleg til skogs. Laurdag gikk turen til Ntichitsi Forest Lodge, ca to timar ”Malawisk køyring” frå Lilongwe, Vasaasen bak rattet. Veret var relativt variabelt, alle sortar utanom snø. Når me tok av hovudvegen, og skulle køyra 16 km på skogsveg, blei turen betrakteleg meir utfordrande. Vegen var sølete og glatt, med djupe spor og kraftig regn. Me køyrde oss fast to gonger, midt i ødemarka. ut å dytta med søla opp over anklane. Og snu skulle me i vertfall ikkje! Vel framme på skogscampen, fekk me servert gin & tonic hjå den trivelege danske vertinna Lone. Og vips, var både skoa og bilen vaska!! Utsikta var utruleg flott, lange sletter med grøn skog og små fjell. Sidan veret ikkje var heilt topp, blei resten av laurdagen blei nytta på balkongen, gode drinkar og framifrå selskap. Saman med oss var Laura, Patricia, Katy, Daniel og Kerstin, som er legar på sjukehuset der Marianne jobbar. Veldig triveleg folk, med mange gode røvarhistoriar på lur.


 Søndag bar det til fjells, ei merka løypa gjennom regnskogen førte oss til eit utkikkspunkt, der tjukk tåke bretta seg utover landskapet. Med andre ord såg me ingen verdens ting, bortsett frå frodig skog og rare planter. Ein flott tur var det likevel, Marianne hadde tradisjonen tru pakka med Jegermeister og stemninga var særs god. Utover ettermiddagen var veret i betring og me vende nasa heimover. Letta over at skogsvegen var tørka, køyrde Marianne på ei svær geit. Dessverre døde den momentant og heile landsbyen sprang mot bilen vår i raseri. Gassen i bånn, me rømde frå åstaden utan forsøk på gjenoppliving. ”Shit happens”, sa sjåføren. Og turisten frå Norge sat stiv av skrekk. Vel heima i casaen, hoppa me i reine kle og drog på Cameleon, ein pub med live jazzmusikk. Ein triveleg kveld og verdig avslutning på ei minnerik helg.

Måndag morgon bar det avstad til KCH, sjukehuset der Marianne jobbar. Sjølv kl 07.15 er vegane fulle av folk, nokon sel grønsaker og håndtverk, andre går i fleire timar til jobb, medan nokon heng i grøfta i håp om betre tider. Etter geite-drapet søndag, trur eg så klart me kjem til å køyra på halvparten av menneska langs vegen og sit med hjarta i halsen.


 På sjukehuset myldrar det og av folk, både inne og utanfor. Mitt fyrsteinntrykk av fødeavdelinga var at den var forferdeleg skitten, illeluktande og mangelfull, men etter ei omvisning på resten av sjukehuset, forstod eg at Labour Ward faktisk var ganske fin. Etter rapport frå nattevaktene, fekk Marianne ei førstegangsfødande med protrahert forløp. På med drypp, telja dråpar per minutt, amniotomi, og tilslutt fødsel ved hjelp av eit solid fundustrykk. Faktisk var denne vakta ganske stille, litt som Ullevål på ei roleg vakt. Eg fekk sjå nyfødt intensiv, barselavdeling, røntgen og barneavdelinga. Ei oppleving som vanskeleg kan skildras med ord, men at den sterkaste overlever, er det inga tvil om.


 Tysdag starta vakta med observasjon og behandling av alvorleg preeklampsi. Kvinna hadde fødd om natta, og når me kom på jobb fann me eit BT på 167/111. Vidare blodtrykk og diuresemåling, magnesiumbehandling og blodtrykkssenkande medisin utan effekt. På toppen av alt måtte kvinna til utskraping av placentarestar. Dette var på ingen måte eit kritsikk tilfelle for Marianne eller dei andre jordmødrene, dei tusla inn og ut av rommet når tida strakk til. Samtidig fekk eg vera med på eit katastrofesnitt, ei dame som kom i ambulanse frå lokalsjukehuset med uterusruptur. Ho hadde ete syntocinon-urter og barnet var allereie død. Kvinna og hennar pårørande var på ingen måte prega av situasjonen, og pasienten sitt BT, puls og temp var innan normalområda. Når me palperte magen hennar, kunne me kjenna direkte på barnet sine føter og sete, ingen teikn til smerte eller uro hjå kvinna.



Mot slutten av vakta fekk me ei dame frå gyn, som var indusert pga intrauterin fosterdød, tvillingar i veke 26. Rapporten tilsa at ho var i latensfase, og skulle få petidin og deretter syntocinondrypp. Sterke smerter, over i rullestol til fødeavdelinga, der ho klatra opp i senga. Medan me lagar til petidin-sprøyta løftar kvinna opp skjørtet sitt og fødar tvilling 1 utan forvarsel. 10 minutt seinare kom tvilling 2 i seteleie. Ingen legar eller bruk av medisinsk utstyr. Marianne viser den finaste tvillingen til kvinna, ingen sorgreaksjon å sjå og ein time seinare er kvinna tilbake på gyn. I Malawi er fødslar før veke 28 rekna som abort. Ei sterk oppleving, desse to vaktene. Stor takk til Marianne, som lot meg få ta del i hennar kvardag som jordmor her i Malawi.

I dag har eg vore på tur med hushjelpa Justin, medan Marianne er på jobb. Me gikk frå huset vårt til området han bur i. Ein flott guida tur, gjennom ein ordentleg afrikansk landsby. Kvinnene vaskar klede i elva, med både eit og to born knytt fast på ryggen. Hundar, høner, esel og geiter overalt i vegen, små born som tygg på sukker-planter og hoppar og dansar når eg fotograferar. Først gjekk me til ein lokal skule, som får støtte frå Norge. Rektoren stråla når han høyrde eg var frå Norge, og pent kledd i dress og slips viste han meg rundt i dei fire klasseromma, som 400 elevar delar. Dei eldste borna var 12 år og hadde pultar og tavle i klasserommet sitt, dei yngre klassane hadde benker eller ingenting å sitja på. Alle elevane var særs glade for besøk, hoppa opp frå golvet, la hendene på ryggen og ropa Hi Sir, How Are You? , når rektor entra rommet. Slett ikkje dumt. Dette burde praktiserast på morgonmøtet på jobben heime! Deretter gikk me til markedet, rektor blei med og guida ivrig. På markedet kan ein få alt ein treng. Alt frå brukte, men nystrøkne truser, ein sko av kvar sort, til grønsaker, levande dyr og mobiltelefonar av ulik kvalitet. Der var filmframsyning i ei nedsunken hytte, mange born stod utanfor å sniklytta. Ulike variantar av mais var og svært populært på markedet. Mange sel graskar, som i følge Justin tilsvarar den norske kålrota?! Jaja, kvifor ikkje prøva graskar til julemiddagen neste år? Siste stopp var familien til Justin. Han var usikker på om nokon var heime, men etterkvart dukka det fram 9 stk frå det vesle huset. Sjølv om borna til Justin er vaksne, bur han saman med 5 born under 10 år, nokon er barnebarn, medan andre er foreldrelause slektningar. I tillegg til kona hans og mor hennar på over 80 år. Smilande og blide menneskjer, ein flott dag! Thank u Justin!


Avsluttar innlegget frå hagen, sol og flott ver i ettermiddag. Gartnar Maxwell syslar i blomsterbedet, medan ungane hans kranglar og hoppar rundt etter hønene. Alle insekta uroar ein stakkars nordmann, to rare skapningar har teke seg inn på soverommet mitt, så best eg held meg utandørs  (der det sikkert er endå fleire..). I går låg forresten ein mini-slange på trappa og sprella! I morgon dreg me til Sør Afrika i bryllaup, gler oss stort! Ein kjempeflott ferie i Malawi, mange gode minner i blir med tilbake til Norge. Hjarteleg takk for meg!

5 kommentarer:

  1. Kjære jenter!
    Så utrolig moro å lese om dere begge på andre siden av jordkloden! Høres fantastisk ut! Kos dere masse i sør- Afrika i bryllup!!
    Og Heidi: en brukt, men nystrøket underbukse hørtes fristende ut.... Kjøper du med en? Hehe :-)
    Klemmer fra Karianne

    SvarSlett
  2. Gøy å lese Heidi!! Kos deg videre på ferie! Klem Eline

    SvarSlett
  3. Kjære Heidi og Marianne!

    Så kjekt å lesa!!!! Kjenner eit STORT sug i magen etter "mitt Malawi", og livet eg har hatt dei siste 2 åra! Blir glad i hjarta mitt av å lesa av Lone og Craig driv Ntchisi fortsatt. Karl Petter og eg fekk tilbud om å kjøpa lodgen i august i fjor.Det var vel kanskje det me skulle ha gjort;). Eg jobba jo på Bwaila, så veldig kjekt å sjå bilder og lesa litt om livet på KCH.
    Det høyres ut som at du har fått ein god opplevelse og introduksjon av Malawi, Heidi, og at du har det godt med jobb og dagligliv, Marianne! Koselig å sjå at du har fått fuglen min i hagen!
    Hels masse til alle frå meg, og sei til Justin at me savner han (skulle ha hatt han med i kofferten heim).
    Klem Kristin;)

    SvarSlett
  4. Hei Heidi,
    spennede å lese om din rolle som obsereverende jordmor. Jeg er så glad, så glad for at jeg skal føde på Ullevål igjen! Føles litt tryggere liksom:-)

    Ha en fin ferie!

    SvarSlett
  5. Härligt att läsa ditt inlägg Heidi!! Och skoj att se bilder på er bägge :-) Hade så gärna velat komma på besök jag med!

    Önskar er fin helg och att ni får det super på bröllopet!!

    Varm kram från mig/Romina

    SvarSlett